Nye ansikt

Då Gjesdal Brass Band hadde si fyrste øving etter sommarferien, møtte det opp to 10. klassingar frå Vigrestad, Martin og Vilde. Dei likna litt på Eilen, men mest på einannan. Det viste seg at dei er tvillingar og småsyskena til Eilen.
Det er to travle 15–åringar som driv på med skule, skulekorps, gitar, piano, friidrett, fotball mm. Avtalen var at dei skulle vere med og spele i lag med korpset til og med JUBB-konserten den 2. oktober, og då få eit lite innblikk i korleis det er å spele i Gjesdal Brass Band. I denne perioden har Vilde slida seg fint inn med fine tonar i lag med Tore og Nils, medan Martin har tromma seg fram blant William og Erlend. Etter fleire kjekke øvingar og ein flott konsert var det ynskjeleg, både frå Martin, Vilde og korpset, at dette måtte gjentakast.
Dersom de føl oss framover til og med Siddis vil de kunne sjå Martin bak i trommeavdelinga. Vilde kjem sannsynlegvis attende etter Siddis og blir med oss fram til og med julekonsertane.
Me i Gjesdal Brass Band gler oss!Sist oppdatert ( søndag 09. oktober 2011 20:12 )

























