Vi gratulerer Manger Musikklag med EM-seieren!
![]()
Europamesterskapet for brass band gjekk av staben i helga som var i Montreux i Sveits, og då var det Manger Musikklag som representerte Noreg.
Dette var det 34. året med EM, og til saman har Manger Musikklag deltatt 12 gonger. Den beste plasseringa dei har fått var 2. plass i 1981. Eikanger-Bjørsvik Musikklag har vunnet to gonger før, og det var i 1988 og 1989.
Men i år var det Manger Musikklag som vant, med heile 4 poeng over 2. plassen, som var Cory Band (Wales).
Cory Band var favorittene i år etter at dei har vunnet EM dei siste tre åra, men no måtte dei gje frå seg titelen, noko dei ikkje er lei seg for etter at dei høyrte på Manger Musikklag i helga som var.Det er spessielt tre personar som er verdt å takke i denne forbildelse, og det er Torstein Aagaard-Nilsen, som skreiv det sjølvvalgte stykke dei spelte på EM (Old Licks Blused Up). Martin Winter, deira faste dirigent som hadde dei i oppkjøringa, og Peter Sebastian Szilvay som var gjestedirigenten dei hadde til EM. Desse tre jobba saman under heile oppkjøringa og fekk ut det beste av Manger Musikklag.
Pliktnummeret var Audivi Media Nocte som er skrive av Oliver Waespi
Dommarane på plikten var: Frode Amundson (Noreg), Eric Crees (UK) og Thomas Doss (Austerike)
Dommarane på sjølvvalgt var: Blaise Heritier (Sveits), Luc Vertommen (Belgia) and Allan Withington (UK/Noreg)
Her er resultatlista:
1. Manger Musikklag [Noreg], 94/97 =191
Peter Szilvay
2. Cory Band [Wales], 89/98 =187
Dr Robert Childs
3. Tredegar [Wales], 90/96 =186
Ian Porthouse
4. Brass Band Schoonhoven [Nederland], 91/94 =185
Erik Janns
5. Noord-Limburgse [Belgia], 92/92 =184
Ivan Meylemans
6. Fairey (Geneva) [England], 87/93 =180
Russell Gray
7. Treize-Etoiles [Sveits], 83/96 =179
James Gourlay
8. Windcorp [Sverige], 86/89 =175
Garry Cutt
9. Lyngby-Taarbaek [Danmark], 85/90 =175
Selmer Simonsen
10. Kingdom Brass [Skotland], 81/84 =165
Andrew Duncan
Best Soloist: Bert van Thienan [Soprano] - Cory
I år var det Eikanger-Bjørsvik Musikklag som vant NM, så derfor skal dei ned til EM neste år for å representera Noreg, men sidan Manger Musikkalg er regjerande Europamestrer, så blir det begge korps som skal ned. Det vil bli ein spanande kamp mellom to av dei beste korpsa i Noreg, og som 4BarsRest så fint skriver, så vil det bli ein vikinginvasjon i EM neste år!
Gratulera til Manger Musikklag, og lykke til både Manger og Eikanger neste år i Rotterdam!!
Les meir om årets EM på www.4barsrest.com og følg Manger Musikklag på både Facebook og på www.mangermusikklag.com
Sist oppdatert ( onsdag 04. mai 2011 22:21 )

























